Taksering

Taksering av fast eigedom handlar om verdsetting av m.a. tomter, bygningar og opparbeida anlegg i samband med kjøp og sal, finansiering, tilstands- og skadevurdering.

Kompetanse, erfaring og habilitet er viktige eigenskapar for takstmenn. Formell fagutdanning, kontinuerlig etterutdanning og sertifisering gir høg grad av kompetanse. Våre 6 takstmenn har sivilingeniør-, ingeniør-, teknikar- og byggmeister-utdanning, og er sertifisert av Norsk Takst (tidlegare NTF). Dette gir kundane våre trygg vurdering av verdiane deira innan fast eigedom.

Vi dekker alle område innanfor:

– Bolig
– Næring
– Landbruk

Og utfører alle typer verdivurdering og taksering, mellom anna:

– Verdi- og lånetaksering
– Tilstandsvurdering
– Reklamasjonsvurdering
– Skadetaksering
– Naturskadetaksering
– Skadeskjønn
– Byggelånskontroll
– Uavhengig Kontroll (UK)

I tillegg til kompetansen på taksering har takstmennene nært samarbeid med våre andre tilsette med kompetanse og erfaring på byggeteknikk, prosjektstyring og arealplanlegging.