Taksering av fast eigedom handlar om verdsetting av mellom anna tomter, bygningar og opparbeida anlegg i samband med kjøp og sal, finansiering, tilstands- og skadevurdering.

Vi dekker alle område innanfor bustad, næring og landbruk og utfører alle typar verdivurderingar og taksering:

Kompetanse, erfaring og habilitet er viktige eigenskapar for takstmenn. Formell fagutdanning, kontinuerlig etterutdanning og sertifisering gir høg grad av kompetanse. Våre 6 takstmenn har sivilingeniør-, ingeniør-, sivilagronom-, jordskiftekandidat-, teknikar- og byggmeister-utdanning, og er sertifisert av Norsk Takst (tidlegare NTF). Dette gir kundane våre trygg vurdering av verdiane deira innan fast eigedom.

I tillegg til kompetansen på taksering har takstmennene nært samarbeid med våre tilsette i OSE med kompetanse og erfaring på arealplanlegging, byggteknikk og prosjektstyring

Takseringstenester vert fakturert til aktuell timepris etter medgått tid eller fastpris for spesielle oppdrag. Generell timesats er kr. 1.140,- eks. mva.