– Eg er glad for å bli ein del av det tverrfaglege miljøet i OSE og ser fram til å lære mykje og utvikle meg innan fleire fagfelt. Eg vil vere ein ressurs for både takst og byggteknikk, men først skal eg gjennom eit utdanningsløp og bli sertifisert som takstmann på bustad, seier André Ekroll.
Ekroll er utdanna byggingeniør ved NTNU i Ålesund. Han kjem frå stillinga som rådgivande ingeniør bygg hjå Dr.ing. Steinar Trygstad AS og har mellom anna arbeidd med prosjektering av marine konstruksjonar, kaier, flytebrygger og fôrflåter, samt gjennomført ei rekke byggeplasskontrollar. Han har også bakgrunn som tømrar i Block Watne og har såleis ein solid kompetanse, som vil styrke fleire av seksjonane våre. Onsdag 8. mars var han på plass i OSE.
Takstmann og seksjonsleiar Lars Olav Tvergrov er svært nøgd med nytilsetjinga ved OSE si avdeling i Ålesund.
– Vi jobbar på for å levere alle typar takseringstenester over heile Møre og Romsdal, Nordfjord og i delar av Oppland. André blir ein viktig ressurs for oss framover og vi har sterk tru på vekst i selskapet, seier Tvergrov.
OSE er eit tverrfagleg miljø med planleggarar, rådgivande ingeniørar og takstmenn. Vår visjon er å gi råd som realiserer visjonar. Dette er både ein ambisjon og eit løfte for kundane og samarbeidspartnarane våre. Innan våre satsingsområde ligg vi i front med kunnskap og rådgiving som einaste salsvare. Vi tek på oss oppdrag for både private, offentlege og næringsaktørar og du finn oss på våre kontor i Ørsta og Ålesund.