Når eit tiltak er søknadspliktig etter Plan- og bygningslova §20-3, må den som får prosjektet utført engasjere ei kvalifisert bedrift som kan ta ansvaret som ansvarleg søkar. Ansvarleg søkar har ei sentral rolle i eit byggeprosjekt og er tiltakshavar sin representant ovanfor kommunen.
Som ansvarleg søkar har ein ansvar for at byggesøknaden er rett og i samsvar med lov, forskrift og planvedtak. Ansvarleg søkar samordnar heile byggesaksprosessen, ser til at alle oppgåver er belagt med ansvar og sørger for at tiltaket blir avslutta med ferdigattest.
OSE har høg kompetanse og lang erfaring innan byggesak og bidreg med råd og bistand i alle fasar av ei byggesak, frå idè til ferdigstilling. Våre rådgivarar bistår både store og små private og offentlege utbyggarar med å innhente nødvendige løyve i samband med gjennomføring av utbyggingsprosjekt.
Har du spørsmål eller saker du ønskjer å diskutere, ta gjerne kontakt med våre rådgivarar.
Varsel om oppstart av arbeid med privat reguleringsplan for Håvika II ved Tjørvågane.
På Devoldfabrikken skjer det så mykje at taket løftar seg - og OSE har hand om det meste.
Oddvar Engjaberg er ein kjærkomen ressurs og takstseksjonen er godt rusta for tida framover.