Ansvarleg søkar

Med OSE som ansvarleg søkar, er vi din representant ovanfor kommunen og koordinerer heile prosessen rundt kartlegging, utforming innsending og oppfølging av byggesøknaden. For enkelte mindre arbeid, kan du sjølv vere ansvarleg for å sende søknad til kommunen.

OSE handsamer heile byggeprosessen for deg

Vi tek oss av alle søknadspapir og korrespondanse mot kommunen og andre offentlege mynde som m.a. Fylkeskommune, Statsforvaltar, Statens vegvesen og Arbeidstilsynet. Alt frå nabovarsling, innhenting av ansvarserklæringar, utarbeiding av gjennomføringsplan, byggesøknad, endringssøknadar, søknad om mellombels bruksløyve og ferdigattest.

I samarbeid med deg avklarer vi rammene i prosjektet og korleis det skal gjennomførast, og ved behov kan vi utarbeide dispensasjonssøknad og fråviksvurdering.

I tillegg til søkar, må alle arbeid og/eller fagområde vere belagde med ansvar. Det betyr at fagfolk må erklære ansvar for arbeidet som skal utførast. Som ansvarleg søkar, sørger OSE for ein oversiktleg gjennomføringsplan.