Byggesøknad

Skal du i gang med eit byggeprosjekt og er usikker på korleis du går fram? Plan- og bygningslova og byggesaksforskrifta stiller krav til alle byggearbeid og om du må søke for å bygge på eigedomen din.

Som tiltakshavar er du ansvarleg for at byggearbeidet har rett kvalitet og er i samsvar med plan. Med OSE som ansvarleg søkar, kan vi påsjå at alle krav blir teke hand om og at din byggesøknad blir oversiktleg og inneheld nødvendige opplysningar, slik at kommunen kan behandle saka.

Det kan vere litt vanskeleg å finne fram i dokumentjungelen og skjemavelde, samt finne fram det du treng av underlag for å kontrollere om du kan bygge eller ikkje. Enkelte mindre byggearbeid kan du søke om sjølv, men vi kan hjelpe deg med prosessen. Vi vurderer alle tiltak opp mot plangrunnlag, og mot gjeldande lovverk.

Vi har lang erfaring innan alle type tiltak og i alle tiltakskasser, både næring og privat; nybygg, tilbygg, garasje, hytte, naust, kai, master, sjøfylling, terrenginngrep, bruksendringar, rivesøknad.

Vi kan også bistå med utarbeiding av situasjonsplanar, teikningar og prosjektering.

Les meir om ansvarleg søkar