Eigedomsdeling og frådelingssøknad

Skal du dele opp ein eigedom i fleire tomter/parsellar eller skilje ut ei tomt frå ein større eigedom og er usikker på korleis du går fram? 

Som grunneigar er du ansvarleg for at tomtene etter delinga er egna til bebyggelse på grunnlag av storleik, form og plassering. I tillegg er du ansvarleg for at alle krav i Plan og bygningslova blir teke omsyn til, m.a. å sikre at tomtene har rettar og tilgang til veg, vatn og avløp.

Med OSE som ansvarleg for din frådelingssøknad kan vi påsjå at alle krav blir teke hand om og at din delesøknad blir oversiktleg og inneheld nødvendige opplysningar, slik at kommunen kan behandle saka.

Vi kan hjelpe deg med å vurdere høve for å dele frå éin eller fleire tomter, utarbeide delingssøknad for frådeling av eigedom og justering av grenser. Vi innhentar nødvendige opplysningar, bistår med å lage avtalar for å sikre nødvendige rettar. Vi lagar også ein plan for tomtedelinga.

Når søknaden er sendt til kommunen, vil kommunen halde ei matrikkelforretning, der dei fysisk går opp grensene saman med deg som grunneigar og naboane og grensemerker for ny tomt blir merka.