Seksjonering

Skal du dele opp eit større bygg og er usikker på korleis du går fram? Det kan til dømes vere næringsbygg, bustadblokk, rekkehus, fleirmannsbustad eller eigedom med fleire frittliggande bygningar (hytte eller naustfelt) i fleire brukseiningar, der fleire personar skal ha einerett til kvar si brukseining.

Ein seksjonert eigedom skal organiserast som eit eigarseksjonssameige. Det vil seie å eige éin bestemt seksjon i sameiget, såkalla sjølveige.

I OSE gjennomfører vi heile seksjoneringsprosessen for deg, som inneber å fylle ut søknad, lage seksjoneringsteikningar, avklare om du treng samtykke frå berørte partar og følgje opp den kommunale handsaminga. Vi hjelper deg med utforming av vedtekter og bistår deg slik at seksjoneringa passar dine behov.

Dersom du vil gjere endringar på ein allereie seksjonert eigedom, kan vi kan også hjelpe til med reseksjonering.