Situasjonsplan

I dei fleste søknader og byggetiltak er det krav om ein situasjonsplan, som skal vise korleis du har planlagt plassering av tiltaket eller bygningen på tomta. Det skal vere tydeleg kva du søker om og det er difor viktig med nøyaktig plassering av bygning eller tiltak, avstander til andre bygningar, nabogrenser, veg og anna som betyr noko i saka.

I tillegg kan det vere andre krav som må kome fram i situasjonsplanen:

  • Plassering og utforming av tilkomst/avkøyring
  • Frisiktlinjer for utkøyring på offentleg veg
  • Stigningsforhold på veg inne på eigedomen
  • Oppstillingsplassar for bil
  • Høve for å snu på eigen eigedom
  • Utandørs opphaldsareal
  • Støttemurar, skjæringar og fyllingar, i samband med terrenginngrep
  • Endra kotelinjer

OSE kan utarbeide situasjonsplan for deg, samt tilby prosjektering av plassering i terreng og høgde.