I dei fleste søknadar og byggetiltak er det krav om byggesøknadsteikningar og desse skal sendast til kommunen, saman med ein byggesøknad og kommunen sitt grunnlag for å godkjenne eit byggetiltak. Krav til teikningar er avhengig av type byggesak og tiltak, men det kan vere teikningar av fasade, plan, snitt, terrengsnitt, illustrasjon eller liknande. Søknadsteikningane er eit viktig grunnlag for at kommunen skal kunne vurdere tiltaket.
I samband med utforming av søknadsteikningar, gjer vi vurderingar for å ivareta krav i gjeldande planar, krav til utforming og arkitektonisk utsjånad, samt krav i Byggteknisk forskrift.
Det kan vere krav til innvendig romhøgde, tilgjenge, breidde og høgde på dører og vindu, høgde på rekkverk, gesims- og mønehøgde, utnyttingsgrad, utandørs opphaldsareal, manøvreringsareal o.l.
Døme på søknadsteikningar