Fuktsikring i våtrom

Det er krav om uavhengig kontroll av fuktsikring ved søknadspliktig bygging av nye våtrom i bustad og søknadspliktig rehabilitering/ombygging. Same kontroll gjeld også for fritidsbustad som har meir enn éi bueining. 

Det er berre sjølve fuktsikringa som blir omfatta av kontrollen, ikkje konstruksjonen for øvrig. Når det gjeld fuktsikring av våtrom, er det først og fremst kontroll av utføring. I tillegg skal vi konstatere at det er gjennomført tilstrekkeleg prosjektering og at nødvendig produksjonsunderlag ligg føre.

Med våtrom i bustad meiner vi bad, dusjrom og vaskerom, ref. TEK 17 § 13-15.