Byggelånskontroll

Byggelånskontroll er fagkunnig tilsyn av byggeprosjekt der banken yter lån til byggherren. I oppdrag for ein bank ser vi til at pengane dei lånar ut går til prosjektet og at lånet er sikra med tilførte verdiar i bygget.

Omfanget av tilsynet varierer mellom oppdraga; for nokre kundar gjer OSE enkel oppfølging av byggerekneskapen og framdrift byggeplass, medan andre ønskjer at vi kontrollerer meir inngåande teikningar, budsjett og fakturaer og at arbeidet blir utført med rett handverksmessig kvalitet for sikring av panteverdien.