Byggesak

Ansvarleg søkjar har ei sentral rolle i eit byggeprosjekt, og er tiltakshavar sin representant ovanfor kommunen. Som ansvarleg søkjar har ein ansvar for at byggesøknaden er rett, og i samsvar med lov, forskrift og planvedtak. Ansvarleg søkjar samordnar heile byggesaksprosessen, ser til at alle oppgåver er belagt med ansvar og sørgar for at tiltaket vert avslutta med ferdigattest.
OSE har høg kompetanse og lang erfaring, og kan tilby rådgjeving og bistand i alle fasane av ei byggesak, frå idè til ferdigstilling.