Utsleppssøknad

Har du hus eller fritidsbustad der du ikkje kan kople deg på eit kommunalt leidningsnett?

OSE er uavhengige og bistår gjerne med vurderingar, prosjektering og søknad av renseløysing. Vi vel den renseløysinga som passar best ut i frå forholda på staden og lokale/sentrale lover og forskrifter (Forurensingsforskrifta §12 og VA-miljøblad).

I samband med frådeling av tomt til bustad eller fritidsbustad er det krav om at utslepp av svart-og/eller gråvatn blir teke hand om. Her vil det vere nødvendig med vurderingar og prosjekterte løysingar som passar tomta di.

Mest brukte reinsemetodar av svart-og/eller gråvatn:

  • Infiltrasjon i stedlige masser
  • Minirenseanlegg
  • Våtmarksfilter
  • Tett tank
  • Separat rensing av svartvatn og gråvatn