Kalkyler

Kalkylar er kvalifisert rekning for å anslå kva prosjekta vil koste i kroner. Me har mykje erfaring og godt treff på kalkulering, der me held saman fagkunnskap med erfaringstal frå mange samanliknbare prosjekt. Me utfører kalkylar på alt frå hotell- og kontorbygg, via idrettshallar og -baner, til lagerbygg og garasjar. Me kan også rekne på miljøbelastning og livssykluskostnadar.