Miljøkartlegging og miljøsanering

Før rehabiliterings- og rivingstiltak i eksisterande bygg over 100m² og for nybygg over 300m², er tiltakshavar lovpålagt å få utarbeidd avfallsplan og saneringsskildring.  Det same gjeld om tiltaket vil generere over 10 tonn bygg-/riveavfall, sjølv om storparten av denne vekta er å sjå som reint avfall.

Ved tiltak i eksisterande bygg må det i god tid før oppstart gjennomførast ei kartlegging av bygningsdelar, installasjonar og liknande som kan innehalde helse- og miljøfarlege stoff (farleg avfall).

Miljøkartlegging sikrar at ureiningar frå enkelte gamle byggemateriale som i dag vert klassifisert som farleg avfall, ikkje kjem på avveg.  Det er verdt å nemne at material som ein kanskje tenkjer er reine, til dømes betong, puss, lettklinker osb. ofte inneheld sterkt miljøfarlege stoff. Vidare at mange målingstypar har så høgt innhald av farlege stoff, at heile trekledninga reknast som miljøfarleg avfall. Sterkt kreftframkallande asbest vart i ei lang periode nytta i mange slags material: Tak- og fasadeplater er velkjent, men andre material som interiørplater, kanalar, isolasjon, rørtettingar, golvbelegg, beleggslim med meir inneheld ofte det farlege stoffet. Dette er viktig å undersøke før ein startar arbeid i eksisterande bygg.

I tillegg til forsvarleg handtering av farleg avfall, gir ei miljøsaneringsskildring byggherren og utførande eit naudsynt grunnlag i høve til kostnadar og planlegging.

Avfallsplan er ei førehandsberekning av det avfallet som vil oppstå. Avfallsplanen skal utarbeidast før igangsetting. Ved ferdigstilling av byggeprosjektet skal planen oppdaterast, og det skal dokumenterast kor mykje avfall som er produsert, korleis avfallet er disponert og sortert.

OSE kan tilby kartlegging av potensielle helse- og miljøskadelege material, prøvetaking, analyse og utarbeiding av miljøsaneringsrapport. I tillegg kan OSE tilby utarbeiding av avfallsplan og sluttrapport i store og små prosjekt.