Miljøsanering

Ved gjennomføring av tiltak i eksisterande bygg skal det før oppstart gjennomførast ei kartlegging av bygningsdelar, installasjonar og liknande som kan innehalde helse- og miljøfarlege stoff (farleg avfall).
Ved å kartlegge farleg avfall allereie før rivings- og/eller ombyggingsarbeid startar, kan sjølve sanerings-/rivingsarbeidet planleggjast godt i forkant slik at ein unngår unødig stopp i rivingsfasen. Ein miljøkartlegging er ei bruksanvising og eit kontrollredskap for å sikre at ureiningar frå gamle byggematerialar som i dag vert klassifisert som farleg avfall ikkje kjem på avveg, og det vil gje byggherre og entreprenør eit betre grunnlag i høve til kostnadar og byggetid. I tillegg vil det medverke til ei forsvarleg handtering av farleg avfall.

Definisjon på farleg avfall:
«Avfall som ikkje hensiktsmessig kan handterast saman med forbruksavfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske eller dyr».

Ved rehabiliterings- og rivingstiltak og for nybygg over 300 m² skal det utarbeidast ein avfallsplan for tiltaket.
Avfallsplan er ein førehandsberekning av det avfallet som vil oppstå. Avfallsplanen skal utarbeidast før igangsetting. Ved ferdigstilling av byggeprosjektet skal planen oppdaterast, og det skal dokumenterast kor mykje avfall som er produsert, korleis avfallet er disponert og sortert.

OSE har god kompetanse på dette området, og kan tilby kartlegging av moglege helse- og miljøskadelege material, prøvetaking og utarbeiding av miljøsaneringsrapport. I tillegg kan OSE tilby utarbeiding av avfallsplan og sluttrapport i store og små prosjekt.