Prosjektleiing

Prosjektleiing er å styre administrative oppgåver knytt til eit prosjekt. Oppgåvene kan utførast av utbyggar sine eigne tilsette eller ivaretakast av ei innleigd rådgivande verksemd. Omfanget av prosjektleiingsorganisasjonen er avhengig av type prosjekt.

Prosjektleiinga bør etablerast så tidleg som mogleg, slik at prosjektleiaren kan gi profesjonelle råd om organisering og gjennomføring av prosjektet inkl. engasjement av andre rådgivarar. Prosjektleiaren representerer prosjekteigar og skal styre prosjektet slik at alle offentlege- og kontraktkrav blir oppfylt.

OSE arbeider for god samhandling i prosjekta, der alle partar har same mål og er tent med prosjektet.