Uavhengig kontroll

Ein uavhengig kontroll skal sjå til at det er gjennomført kvalitetssikring av byggearbeida, og at prosjektering og utføringa er i samsvar med gjeldande regelverk.

Føremålet med reglane er å bidra til at det vert bygd med rett kvalitet og å redusere byggefeil. Kontrollen er innført på områder som har betydning for liv, helse og tryggleik og der konsekvensane av feil er alvorlege.

OSE kan gjennomføre uavhengig kontroll for alle fag, og legg til rette for ei god gjennomføring av kontrollen.