Camilla Fjørtoft er ny rådgivar på byggesak

I november starta Camilla Fjørtoft som rådgivar på byggesak, ved OSE sitt avdelingskontor i Ålesund. Med nok ei forsterking ser OSE fram til å ta nye spennande steg i den vidare utviklinga av selskapet.

– I OSE ser vi at fleire nyttar seg av rådgiving i byggesakstenester, mykje takka lang og trygg tenesteyting frå ressurs på byggesak. Det er veldig kjekt å få Camilla med på laget, som gjennom si lange erfaring vil gi trygge kundereiser frå `tanke til ferdigattest`. Ho vil ha hovudansvar for kundekontakt, oppfølging og rådgiving innan byggesak ved vår avdeling i Ålesund, seier dagleg leiar Tor Egil Meland.

Har du eit prosjekt på gang? Ta gjerne kontakt – vi er klare for å hjelpe deg!

Les meir om byggesak

Rådgivar Camilla Fjørtoft og arealplanleggar Bjarte Friisvold på OSE sitt avdelingskontor i Ålesund.