Detaljplan BKB3 innanfor områdeplan E39 Volda – Furene – varsel om utviding av plangrense

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at plangrense for reguleringsplan BKB3 innanfor områdeplan E39 Volda – Furene for Volda Kiwi vert utvida. Planid: 1519 2018004. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. Asko Eigedom AS står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gnr. 19, bnr. 10 m. fl, og femner om eit areal på 19 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Volda kommune 14.11.2018. Formålet med planarbeidet er å regulere til blant anna:

• Næring
• Forretning
• Bustad
• Offentleg eller privat tenesteyting
• Leikeareal

Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: bjarte@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Volda kommune og OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til plan@oseing.no eller Vikeøyra 7, 6150 Ørsta innan 31.03.2020. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.