Detaljplan Dyb panorama – oppstart av planarbeid – Giske kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for bustadar og naust på Juv, Godøya. Planid: 1532 2018016. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. Storhornet AS står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gnr. 125, bnr. 5 m. fl, og femner om eit areal på 9,5 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Giske kommune 16.01.2019. Formålet med planarbeidet er å regulere til:
• Bustadar med tilhøyrande funksjonar
• Naust
• Gang- og sykkelveg

Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing og planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: bjarte@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Giske kommune og OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til firmapost@oseing.no eller Vikeøyra 9, 6150 Ørsta innan 07.02.2020. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.