Detaljplan Masseuttak Flåvika, varsel om planoppstart – Ørsta kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for masseuttak Flåvika. Planid: 1520-2019003. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. Steinar Masdal står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gnr. 110, bnr. 2 m. fl, og femner om eit areal på 41 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Ørsta kommune 11.03.2019. Formålet med planarbeidet er å regulere til:
• Masseuttak
• Veg

Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: bjarte@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Ørsta kommune og OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til firmapost@oseing.no eller Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan 17.01.2020. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.

Vedlegg til saka: