Detaljplan Grødem steinbrot – varsling oppstart planarbeid

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for steinbrot på Grødem, ved Holtavatnet. Planid: 1130 201911. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. Morten Espedal står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet. Det aktuelle området ligg på gnr. 2, bnr. 1 og 3 og femner om eit areal på 171,5 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Strand kommune 30.09.2019. Formålet med planarbeidet er å regulere til:

• Steinbrot med nødvendige funksjonar

• Tilkomstveg og lager

Det er konkludert med at reguleringsplanen utløyser krav om konsekvensutgreiing og planprogram på grunn av uttak av masse over 2 millionar m³. Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: bjarte@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Strand kommune og OSE AS under kunngjeringar. Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til firmapost@oseing.no eller Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan 06.01.2020. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.

Vedlegg til saka: