Detaljplan Lerstadvegen 13 -15, gbnr. 39/17 m. fl. Ålesund kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for Lerstadvegen 13 på Gåseid. Planid: 1507- 2020023397. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. Idèhus Ålesund AS står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gnr. 39, bnr. 17 m. fl, og er på omlag 5,4 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Ålesund kommune 19.01.2021. Formålet med planarbeidet er å regulere:

• Konsentrert småhus
• Ny avkøyrsle for Gamlevegen
• Sikre vegareal til Gamlevegen
• Leikeareal

Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: plan@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Ålesund kommune og OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til plan@oseing.no eller Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan 24.03.2021. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev/e-post.