Detaljplan Reistad småbåthamn og bustad/fritidsbustad

Varsel om oppstart av planarbeid

I samsvar med Plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan på Reistad, Vågstranda. Planid: 1535-0154. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. David Reistad står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gnr. 193, bnr. 1 m. fl, og femner om eit areal på 9 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Vestnes kommune 3.11.2020.

Formålet med planarbeidet er å regulere til:
• Småbåthamn med molo
• Bustad/fritidsbusetnad med nødvendig funksjonar

Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å kontakte OSE AS på tlf. 974 89 987 eller sende e-post til bjarte@oseing.no. Varslingsdokument finn du på nettstaden til Vestnes kommune.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS på e-post til plan@oseing.no eller Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan 21.12.2020.
Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.