Detaljplan Sætre gbr 11/1 – Ørsta kommune – oppstart av planarbeid

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8 blir det med dette varsla om igangsetjing av privat detaljregulering for del av eigedomen gnr./bnr. 11/1 m. fl. i Ørsta kommune.

Jørn G Sætre er forslagsstillar og OSE AS er plankonsulent for planarbeidet.

Lokalisering
Planområdet ligg på Sætre, mellom Hagevegen og Nørestranda i Ørsta kommune.

Planarbeidet
Målsetjing med planen er å leggje til rette for:
• Tilkomstveg
• Konsentrert småhusbusetnad og/eller frittliggande einebustadar med stor tomt
• Leikeareal

Planområdet
Planområdet består av eigedomane gnr./bnr. 11/1 og del av ikkje matrikulert vegareal for kommunevegen Hagevegen. Planområdet er på om lag 6,7 daa.

Planstatus
Overordna plan
Området ligg som LNF-formål (landbruk, natur og friluftformål) i KDP (kommunedelplan) Ørsta sentrum og Hovdebygda.

Regulering
Planområdet er ikkje regulert. Det er regulert til bustad nordvest for planområdet, naust vest og søraust for planområdet. Det pågår regulering like ved for Sætre Fjordutsikt, planid 2018007. Detaljplan Sætre gbr. 11/1 vil ikkje kome i konflikt med pågåande regulering.

Dispensasjon/andre vedtak
Det er ikkje kjent at det er gjeve dispensasjons eller andre vedtak for planområdet.

Konsekvensutgreiing
Vurdering av planarbeidet etter KU-forskrifta:

Etter § 6b skal reguleringsplanar alltid KU-vurderast etter tiltak i vedlegg I.
Arealbruken er avklart i overordna plan og ønska bruk av området er ikkje i samsvar med KDP Ørsta sentrum og Hovdebygda. Det vert lagt opp til omdisponering av landbruksareal som er lite tenleg å bruke i dagens maskinelle landbruksdrift, hovudsakleg på grunn av bratt terreng. Aktuelt planområde er under 15 daa, og kjem ikkje inn under «nye bustadområde» i vedlegg I, jamfør rettleiar til forskrifta.
Sidan det vert lagt opp til omdisponering av eit mindre areal, som ligg inntil areal sett av til bustadformål, vert det vurdert at det ikkje er krav om KU etter § 6 i forskrifta.

Etter § 8 skal planar KU-utgreiast dersom dei får vesentleg verknad for miljø og samfunn og tiltak i vedlegg II. Vurdering etter § 10 i forskrifta:

Planlagde tiltak vert vurdert til å ikkje medføre vesentleg verknad for verken miljø eller samfunn, jamfør § 10 i KU-forskrifta.

Etter ei samla vurdering blir det vurdert at planarbeidet for detaljplan Sætre gbr. 11/1 ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Oppstartsmøte med kommunen
Det vart halde oppstartsmøte med kommunen 27.04.2020, med følgjande hovudpunkt:
• Leikeareal
• Grunnforhold
• Støy
• Tilkomst

Informasjon og medverknad
Det blir sendt varsel om oppstart til naboar og gjenbuarar, kunngjering i lokal avis og på nettet, i samsvar med pbl. § 12-8. For nærare informasjon ta kontakt med OSE, mob. 974 89 987 eller e-post bjarte@oseing.no. Reguleringsarbeidet blir vurdert til å gje små negative ulemper for naboar. Det blir difor ikkje lagt opp til medverknadsmøte i samband med oppstart av planarbeid. Det vil bli vurdert medverknadsmøte i samband med offentleg ettersyn.

Meir informasjon
Møtereferat frå oppstartsmøtet 27.04.2020, varslingsbrev og forskjellege kart blir lagt ut på Ørsta kommune sine heimesider og på OSE sine heimesider under kunngjeringar.

Merknadar til oppstartsmeldinga
Merknadar som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast:

OSE AS på e-post plan@oseing.no

eller

OSE AS
Vikeøyrane 7,
6150 Ørsta

Frist for merknadar vert sett til 06.10.2020. Merk fråsegn med P1656.

Alle mottekne merknadar blir sendt kommunen saman med planframlegget.

Vidare sakshandsaming
Etter at meldingsfrista er ute vil plandokumenta bli utarbeidd for deretter å bli sendt kommunen for sakshandsaming. Etter handsaming i kommunen blir plandokumenta lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då bli høve til å kome med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming og vedtak.