Detaljplan Støylane, varsel om planoppstart – Ulstein kommune

samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for bustadar på Støylane. Planid 20200001. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. Grunneigarane står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gnr. 10, bnr. 2 m. fl, og femner om eit areal på 20 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Ulstein kommune 18.12.2019. Formålet med planarbeidet er å regulere til:
• Bustadar
• Veg
• Leikeareal

Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: bjarte@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Ulstein kommune og OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til plan@oseing.no eller Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan 13.03.2020. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.

Vedlegg til saka: