Oppstart av planarbeid – detaljregulering for Sandvikneset hyttefelt, gbnr. 280/1 – 4 – Stad kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for hyttefelt med naust på Sandvikneset. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. Kvernevik AS står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gnr. 280, bnr. 1 – 4, og er på omlag 55 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Stad kommune 28.04.2021. Formålet med planarbeidet er å regulere til:

  • Fritidsbustadar med nødvendige funksjonar
  • Naust med småbåthamn

Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: plan@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Stad kommune og OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til OSE AS, per e-post til plan@oseing.no eller Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta innan 31.08.2021. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.