Detaljregulering Svemorka

På oppdrag frå Orkla Foods Norge AS har OSE utarbeidd detaljreguleringsplan for Svemorka nord, Stranda kommune.

OSE har utarbeidd plankart, omtale med ROS-analyse og føresegn. Detaljreguleringa legg til rette for høgare utnytting av eksisterande industriområde, endring av vegtilkomst og sikring av grøntareal langs elva. Planen er i samsvar med kommunedelplan og byggjer vidare på
tidlegare reguleringsplan for området. Med høg utnytting får ein konsentrert næringsverksemd på få og kompakte areal, og slik betre utnytting av kostnadar med teknisk infrastruktur.

OSE har samarbeidd med Sporstøl arkitekter AS og Hydrateam.