Devoldfabrikken er eit symbol for skaparkrafta på Sunnmøre!

Symbolet står seg gjennom tida: Industri-skaparkrafta midt på 1800-talet og utviklarkrafta hjå eigarane godt ut i det 21. århundre.
Hovudkontora til kvalitetsullkleda Devold ligg framleis på Devoldfabrikken i Langevågen. Dei enorme industrimaskinene er flytta ut, og utrulege 30-40 tusen kvadratmeter golvareal skal tene ei ny tid. No er industrianlegget steg for steg vorte senter med kontorlokale, handel og oppleving!

OSE har i ti år vore engasjert med byggherrerådgiving, prosjektleiing og ingeniørtenester i denne utviklinga. Ved ombygging i miljø av slik alder er respekt for historia og kunnskap om tidlegare byggeteknikkar avgjerande. Med auge for løysingar for no- og framtid, har det gitt oss mange artige dagar på arbeid for ein medviten byggherre!

Bilete: Kristin Støylen
Bilete: Kristin Støylen
Bilete: Kristin Støylen
Bilete: Peder Otto Dybvik