Devoldfabrikken i Langevåg får nytt løft

Foto: Det strøymer lys frå den nye etasjen på Devoldfabrikken i Langevåg, som har fått nytt løft i desember 2021. OSE er byggherrerådgivar og leverer dei fleste rådgivings- og ingeniørtenester i prosjektet.

På Devoldfabrikken skjer det så mykje at taket løftar seg – og OSE har hand om det meste.

Det sentrale bygg 5 får ein ekstra fullverdig kontoretasje på toppen, med glasfasadar og zinktekking. Tidlegare var dette mørke og kalde kvistrom. Også fjerde og femte høgda i fløya mot sjøen blir bygd om til flotte kontorlokale med enorme takglas mot både Sulafjellet og Vågen.

Dei opphavlege trekonstruksjonane, tregolva og taksteinen blir teke vare på og brukt opp att. Delar av konstruksjonane er skada, men blir bygd opp att i same grove dimensjonar, og vi har prosjektert og fått spesiallaga grove jernbeslag, boltar og stag i samanføyingar og strekkpunkt.

– Slik skaper vi unike, moderne kontorlandskap, der det nye spelar i lag med historia, ivareteke i både utsjånad og byggemetodar. Det er eit krevjande prosjekt, men ei stor glede å arbeide for kundar som Devoldfabrikken og Flakk, seier byggherrerådgivar Jonas Reitan i OSE. 

Devoldafabrikken i Langevåg er klart for takløft.

Foto: Klart for takløft.

Les også ’Devoldfabrikken er eit symbol for skaparkrafta på Sunnmøre!»

Sjå våre referanseprosjekt