Devoldfabrikken, Langevåg

Devoldfabrikken i Langevåg går frå fabrikkområde til kontor og kjøpesenter. I all utvikling her legg ein stor vekt på historia. OSE har sidan 2010 vore engasjert med byggherrerådgivning,  prosjektleiing og prosjekteringsleiing, kalkylar, utføringskontroll, SØK og RIB for alle fasar. 

Ved ombygging av eit heilt område, der nyaste bygg nærmar seg 70 år, er kunnskap om historiske byggeteknikkar avgjerande. Saman med auge for løysingar for notida og framover, har det gitt oss mange artige dagar på jobb for ein god, medviten byggherre.