Dispensasjon frå plan- og bygningslova

Fekk du ein god idé i sommar?

Kanskje hytta treng eit anneks, eller du ynskjer å utnytte eit potensiale på eigedomen din? Nyare planar er gjerne tilpassa bruken og gir rom for moglegheiter, eldre og gamle planar må ein i fleire tilfelle søkje om dispensasjon ved bygging.

Dispensasjon frå plan- og bygningslova
Det finnast arealplanar for alle eigedomar, enten kommuneplanens arealdel, områdeplanar eller detaljreguleringsplanar. Desse planane viser korleis eigedommen din kan nyttast, og er juridisk bindande. Denne artikkelen handlar om moglegheitene kring å dispensere frå gjeldande plan.

Om du ynskjer å gjere eit tiltak som ikkje er i samsvar med gjeldande plan, opnar plan- og bygningslova (pbl.) for å fråvike arealplanar. Ein dispensasjon endrar ikkje ein plan, men kan gje løyve til – i enkelttilfelle å fråvike reglar gitt i eller i medhald av pbl. Ein dispensasjon inneber at tiltaket, til tross for at det er i strid med gjeldande plan, er lovleg så langt dispensasjonen rekk. Det kan til dømes dispenserast frå avstandskrav til nabogrense, forbod mot tiltak innafor 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag, krav om regulering, utnytting av tomt, byggjegrenser m.m.

Kva skal til for å kunne få ein dispensasjon?
Ein vedtatt plan skal vere føreseieleg slik at alle veit kva som gjeld i sitt område. Difor skal kommunen berre unntaksvis gi dispensasjon. Ingen har krav på å få dispensasjon, men om bestemte vilkår er oppfylte kan kommunen gje dispensasjon.

Dersom omsynet bak regelen det dispenserast frå eller omsyn i lova sitt føremål ikkje blir vesentleg sett til side, kan det gjevast dispensasjon. Fordelane ved å gje dispensasjon må også vere klart større enn ulempene. Ein dispensasjon skal vere skriftleg i form av ein søknad og vere grunngjeven.

Naboar og gjenbuarar skal varslast, og regional og statleg mynde som blir råka skal få moglegheit til å uttale seg.

Dersom ein får avslag på dispensasjonssøknaden, kan det vere mogleg med enten ei mindre endring av planen eller å detaljregulere for å få ønska tiltak i samsvar med plan.

Treng du hjelp til søknadar eller har andre spørsmål til byggjeprosjekt, planlegging eller utforming av dine omgjevnadar? OSE AS kan hjelpe med å utarbeide gode søknadar/planar raskt og effektivt for deg, i samsvar med korrekte prosessar. Kontakt ein av våre byggesakshandsamare eller planleggarar!