Er du vår nye kollega?

Med bakgrunn i aukande oppdragsmengd og god utvikling i selskapet, lyser vi ut tre nye stillingar til våre kontor i Ørsta og Ålesund. Søknadsfrist er tysdag 25. januar 2022.

Økonomi- og administrasjonssjef/CFO

Vi søker ein ambisiøs og framoverlent kandidat med utdanning innan økonomi og administrasjon. Stillinga har økonomistyring, HR og administrasjon som ansvarsområde, og det er forventa å bidra aktivt i verksemda sine tverrfaglege satsingsområde og strategiske beslutningsprosessar.

Erfaring med organisasjonsutvikling og styrearbeid er også ønskelig, samt forståing for drift av privateigde selskap. Vi tilbyr ei stilling med stor grad av sjølvstende, retta mot spennande bransjer og ei sentral rolle i utviklinga av bedrifta.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle økonomi- og administrasjonsfunksjonen, inklusive økonomistyring regnskap, lønn, HR og innkjøp
  • Budsjett, prognoser og likviditetsstyring
  • Forretningsmessig rådgivar for dagleg leiar og leiargruppa
  • Bidra til å vidareutvikle, effektivisere og profesjonalisere administrative rutinar
  • Utvikle selskapet sin strategi saman med selskap og styre
  • Ta del i større eksterne prosjekt med økonomistyring og kontroll

Rådgivande ingeniør bygg/RIB og Byggkontollør

Har du erfaring og kompetanse innan fagområda vi ser etter, oppfordrar vi deg til å søke. God kjennskap til gjeldande standardar er ein føresetnad.

Vi søker primært etter erfarne medarbeidarar med bachelor eller masterutdanning, minimum 3-5 års relevant erfaring innan konstruksjonsfaget og god praktisk og analytisk innsikt. For byggkontrollørstillinga er det ein fordel med erfaring innan byggeleiing.

Vi tilbyr to stillingar med spennande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter, der disiplinansvar i oppdraga betyr mykje. Vi nyttar m.a. verktøya ISY G-Prog, Autocad, Revit, FEM-Design/ 3D- Structure i vårt arbeid.

Arbeidsoppgåver RIB

  • Design, planlegging og prosjektering av mindre og større konstruksjonsoppdrag innanfor stål, betong og trekonstruksjonar

Arbeidsoppgåver Byggkontrollør

  • Utførelseskontroll ved bygg- og anleggsprosjekt
  • Utarbeiding av tilbodsdokument, tilbodsarbeid, evaluering og kontraheringsarbeider

Send søknad og CV seinast tysdag 25. januar 2022 til toregil@oseing.no.

Har du spørsmål om stillingane? Kontakt dagleg leiar Tor Egil Meland på tlf. 482 86 962

OSE er planleggarar, rådgivande ingeniørar og takstmenn, med røter og hovudkontor i Ørsta og avdelingskontor i Ålesund og Nordfjordeid. Vårt kollegiale består av 22 tilsette, der vår visjon er å gi råd som realiserer visjonar. Dette er både ein ambisjon og eit løfte for kundane og samarbeidspartnarane våre. Innan våre satsingsområde ligg vi i front med kunnskap og rådgiving som einaste salsvare. Les meir