Flaumen i Utvik

Bygda Utvik i Stryn kommune i Sogn og Fjordane blei i fjor sommar ramma av store nedbørsmengder i løpet av nokre få dagar. Tilbake stod over 200 husstandar straumløyse, og fleire bygningar blei skylt på fjorden som fylgje av dei enorme nedbørsmengdene. Ein av dei som blei råka var Kirsten Tisthamar.

Vi har fått løyve til å dele bileta frå Kirsten som son hennar har tatt – før og etter flaumen. Ein av OSE sine takstmenn, Lars Olav Tvergrov, var til stades kort tid etter at flaumen hadde rast frå seg, og fortel om bileta og inntrykka frå flaumen. «Bileta talar for seg sjølv, og som ein ser så var det rimeleg kaotisk då vi kom til Utvik som takstmenn første dagen.
Det var utfordrande å finne ut kvar ein skulle starte sitt arbeid i kaoset.., men resultatet no eit år seinare er ikkje til å kjenne igjen. Fleire flinke entreprenørar, handverkarar m.fl. har bidratt til dette. Ikkje minst hyggelege eigarar, som det har vore kjekt å bli kjent med.»
Som takstmann har OSE i denne saka vore engasjert av Gjensidige Skadeforsikring med skadeoppfølging ovanfor utførande handverkarar/entreprenørar og skadelidde.

Slide image
Slide image
Slide image
Slide image
Slide image
Slide image
Slide image
Slide image
Slide image
Slide image

Alle foto: Anders Valaker Tisthamar