Forprosjekt gang- og sykkelveg

Turveg, turløype eller tursti? Det finst ulike nemningar på trasear som er tilrettelagt, i større eller mindre grad. Som grunnlag for opprustinga er det ein fordel å definere kva type tilrettelagt trase ein ønskjer å oppnå. OSE utarbeider forprosjekt for ulike tiltak, som mellom anna gang- og sykkelveg.

Prinsipp for utforming

Generelt

I rettleiaren Tilrettelegging av turveier, løyper og stier (2008)  er følgjande definert som turveg:

«Turveier er fleirfunksjonelle traser med høy utnyttelsesgrad for ferdsel til fots, med sykkel, barnevogn eller rullestol. De har stor i stor grad av opparbeiding, gir god fremkommelighet, må tole kjøring med vedlikeholdsmaskiner og skal ha et fast og jevnt toppdekke. Partier kan være spesielt tilrettelagt for rullestol/rulleski gjennom asfaltering».

Eksisterande utforming, premiss frå kommunen og definisjonen over ligg til grunn for val av utforming. 

Traseval

Det har vore vurdert alternativ trase for turveg for strekninga, for å få slakast mogleg turveg-trase. Men på grunn av terrenget i området ved Straumskleiva, ville linjeføring som stettar krav til universell utforming medført relativt store inngrep i området. Turvegen vil difor følgje trase etter den gamle fylkesvegen. Med unntak av stigninga opp Straumskleiva følgjer traseen terrenget. Traseen er godt tilpassa landskapet, og det er ikkje grunn til å gjere endringar i linjeføringa i høve den gamle fylkesvegen. Aust i området er det ikkje opparbeidd samanbinding mellom gamle fylkesvegen og vestleg del av Grindvikvegen. Traseen for ny turveg er kompromiss mellom krav til stigning for universell utforming og inngrep i terrenget. Det kan vere mogleg å senke ny turveg noko ned i terrenget, slik at denne vil stette stigningskrava. Ny turveg bør ikkje ha større helling enn 11 %, då dette er maksimal helling på traseen aust for Straumskleiva. For at turvegen skal nå fram til ønska tilkoplingspunkt er det framlegg om ei linjeføring som vist i illustrasjon 10 for austleg del av prosjektområdet.

Trase for turveg

For å sikre god tilkomst er det ein føresetnad å skape betre tilgjenge frå både aust og vest. I vest er det mogleg å opparbeide parkeringsareal der eksisterande trase startar, og slik sett er det ikkje nødvendig å forlenge eksisterande trase vestover for å sikre god tilkomst. Det ligg eit potensiale i ei forlenging av traseen vest  mot Skodjebruene, noko som omtalast nærare i del 8.

Eksisterande trase manglar ein god tilkopling i aust. Det vil vere nødvendig å forlenge trase slik at denne er tydeleg og knytt til eksisterande veg/gatenett. For å gjere turvegen tilgjengeleg for flest mogleg blir det rådd til å opparbeide ny turveg frå gamle fylkesvegen til Grindvikvegen. Langs Grindvikvegen til Yterbergvegen er arealformålet i arealdelen bustadformål, men området er ikkje regulert. I samband med regulering av dette området må ein vurdere å sikre areal til fortau langs Grindvikvegen, både for nye bebuarar og turvegen.

Oversikt over dagens situasjon for prosjektområdet.


Omsyn til universell utforming

Det er ønskjeleg å ruste opp turvegen for å legge til rette for at flest mogleg kan nytte denne. Handbok 129, Universell utforming av veger og gater viser til korleis ein kan legge til rette for flest mogleg. Forhold som trekkast fram er breidde på veg, stigning og tverrfall, val av jamt og sklisikkert dekke, leielinjer, skilje mellom gåande og syklane, belysning m. m.

Illustrasjon 10: Linjeføring fram til koplingspunkt i aust.

For å legge til rette på best mogleg måte rår vi til følgjande:

Toppdekke

Det tilrådast å velje eit toppdekke som er jamt, fast og sklisikkert. Grus eller knuste steinmaterialer med kornfraksjon 0-8 mm stettar dette, men det krevst godt vedlikehald for å unngå skade i toppdekke.

Kvileplassar/benker

For eldre eller menneske med nedsatt helse tilrådast det å plassere ut benker med jamne mellomrom og ved bakkar med stigning, for å dele opp lange strekningar i mindre delar. Benkar kan også vere ein møteplass for dei som nyttar turvegen.

Illustrasjon plassering av element i naturen

Bilete over: plassering av benkar, rasteplass og utforming elles på prosjektområdet.

Les meir om arealplanlegging