Forprosjekt Grindvika – Straumen

OSE AS har på oppdrag frå Skodje kommune utarbeida eit forprosjekt som vurderer moglegheitene for å leggje til rette for gang- og sykkelveg på strekninga Grindvika – Straumen. Strekninga er del av den gamle fylkesvegen som i dag blir nytta som skogsveg og turveg.

Forprosjektet ser på tilhøva kring topografi, alternative løysingar, utforming av tiltak, kvileplassar, universell utforming, tilkomst og parkering. I forprosjektet er ulike løysingsframlegg vurdert, og eit tilråda alternativ er kostnadsberekna.