Forslag til områdeplan Fiskåholmen ute til offentleg høyring

OSE har utarbeidd forslag til områdeplan for Fiskåholmen på oppdrag frå Vanylven kommune. Forslaget ligg no ute til 1.gongs offentleg høyring, med frist for innspel 26. mars.  Kommunen kjøpte Fiskåholmen i 2016, og industriområdet er eit viktig utviklingsområde for kommunen.

Formålet med områdeplanen er å leggje føringar for vidareutvikling av industriområdet på Fiskåholmen som næringsområde med intern infrastruktur og kaianlegg. Det er eit generelt behov for både større, meir samanhengande næringsareal og djupvasskai enn det dagens plan legg til rette for. Det er mellom anna planlagt å nytte masse frå Stad skipstunnel for utfylling i sjø.

I tillegg til utarbeidelse av planbeskrivelse, forslag til plankart og føresetnader, har OSE utarbeida konsekvensutgreiing samt risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS). Høyringsdokument er tilgjengelege på Vanylven kommune si nettside.