Forslag til reguleringsplan for Grillstad, Stranda ute til offentleg høyring

Etter oppdrag frå Grilstad AS, har OSE utarbeidd detaljplan for gnr./bnr. 50/52 m. fl. i Stranda kommune. Forslaget ligg no ute til 1.gongs offentleg høyring, med frist for innspel 1. mai.

Målet med planen er å leggje til rette for:

  • Utviding av eks. industriområde med tanke på planlagd utviding av bygg på 2000 m²
  • Omlegging av intern tilkomst frå Ødegårdsvegen som vil opne for meir utbyggingsareal og betre tilkomst
  • Betre tilrettelegging for kunde- og intern parkering frå Skaffarevegen
  • Betre transportlogistikk av varer ut og inn
  • Leggje opp til høg utnytting for vidare utbygging av næringsområdet

Planforslaget medfører ei omdisponering av dyrka areal på om lag 8 dekar. Som avbøtande tiltak har ein i planen lagt til rette for høg utnytting av arealet, mellom anna ved å leggje parkeringsplassar på tak. Det er i tillegg krav i føresegnene om å ta vare på matjorda og nytte den til ny jordbruksjord.

Høyringsdokumentar er tilgjengelege på Stranda kommune si nettside