Detaljregulering Grilstad, Stranda

OSE har på vegne av Grilstad AS utarbeidd detaljplan for gnr./bnr. 50/52 m. fl. i Stranda kommune.
Planen vart nylig godkjent og legg til rette for:

– Utviding av eks. industriområde med tanke på planlagd utviding av bygg på 2000 m².
– Omlegging av intern tilkomst frå Ødegårdsvegen som vil opne for meir utbyggingsareal og betre tilkomst
– Betre tilrettelegging for kunde- og intern parkering frå Skaffarevegen
– Betre transportlogistikk av varer ut og inn
– Leggje opp til høg utnytting for vidare utbygging av næringsområdet

Reguleringsplanen medfører ei omdisponering av dyrka areal på om lag 8 dekar.
Som avbøtande tiltak har ein i planen lagt til rette for høg utnytting av arealet, mellom anna ved å leggje parkeringsplassar på tak. Det er i tillegg krav i føresegnene om å ta vare på matjorda og nytte den til ny jordbruksjord.