Har du eit byggeprosjekt på gang?

Skal du i gang med eit byggeprosjekt og er usikker på korleis du går fram? Søknadsprosessen kan for mange opplevast som eit uoversiktleg og utfordrande møte med lover, forskrifter og tekniske krav, som du som tiltakshavar må ivareta for byggeprosjektet ditt.

Må du søke om å bygge?

Fleire byggeprosjekt er i utgangspunktet unnateke søknadsplikt, men det du skal bygge må likevel vere i samsvar med kommunale arealplanar. Kommunale planar har som regel føringar for plassering av tiltaket, utforming, storleik og liknande. Du kan sjølv finne ut om byggearbeidet er søknadspliktig på nettstaden til din kommune eller på Direktoratet for byggkvalitet, dibk.no.

Med OSE som ansvarleg søkar i ditt byggeprosjekt, kan vi påsjå at alle relevante krav blir teke hand om. Vi ser til at byggesøknaden din blir oversiktleg og inneheld nødvendige opplysningar, slik at kommunen kan behandle saka.

Klikk på bilete under for å få meir informasjon og gode råd om korleis du bør gå fram når du skal bygge på eigedomen din.

Les meir om byggesak og kontakt våre rådgivarar om ditt prosjekt