Kva gjer snø og is med hustaket?

Det har vore veldig kaldt dei siste vekene og du har heilt sikkert sett istappar hengande frå takrenner og takutstikk fleire stader. Istappane kan utgjere fare for forbipasserande og som huseigar er ein ansvarleg for å fjerne desse.

Store istappar frå taket indikerer at det ikkje fungerer som det skal, med omsyn til varmetap og lufting. Ei slik kuldeperiode kan på fleire måtar vere ein test på taket sin funksjonalitet og dersom det heng mykje is frå taket, er det eit klart tegn på at noko er gale. Nyare tak, bygd etter anbefalingar i Byggforsk-serien, bør ikkje ha dette problemet.

Is øydelegg takrenner og nedløp, og kan skade taktekkinga. Når det dannar seg is ved takfoten, demmer det opp vatn ved snøsmelting, som aukar sjansen for lekkasjar og innvendige følgeskadar, gjerne kalla «kjøving». På grunn av varme innanfrå, vil snøen som ligg på kalde tak smelte, sjølv om det er minusgrader ute. Smeltevatnet frys til is når det kjem til takfoten, der temperaturen er under frysepunktet.

Fleire grunnar til varmetap

Nokre av dei mest vanlege grunnane til varmetap frå huset er manglande/lite isolasjon, utilstrekkeleg lufting av taket, eller luftlekkasjar gjennom utette parti i dampsperra. Det kan også vere ein kombinasjon av desse.

I overgangen mellom vinter og vår, når sola tinar snøen, kan det danne seg ubetydelege mengder is i takrenner, sjølv på velfungerande og kalde skråtak. Dette er sjeldan eit problem. Ved meir alvorlege problem med ising på taket er det nødvendig med ei grundig kartlegging av forholda:

  • Kor mykje isolasjon er det i taket?
  • Er det tilstrekkelig med lufting i takkonstruksjonen?
  • Er det lufteopning i raftene? Er dei opne og store nok?
  • Er det snøfrie parti på taket eller er snølaget jamt? Er det lokale søkk i snøen?
  • Er det luftlekkasjar med varm/fuktig luft på loftet eller i skråtak?
  • Er det varmeproduksjon/varmeavgivelse på loftet? (til dømes uisolerte kanalar, agregat o.l.)

Kva kan du gjere?

Det er svært viktig å fjerne istappar frå taket, slik at det ikkje oppstår skade på personar eller anna. Vidare bør du vurdere utbetring av taket, i form av etterisolering av takkonstruksjonen, og/eller sørge for tilstrekkeleg lufting av takkonstruksjonen.

Tak med kalde loft bør ha 50 mm lufteåpning i raftene og tak isolert i takflatene bør ha ei permanent luftespalte på 50 mm frå raft til møne. På tak med lengde over 7 meter må denne luftespalta aukast.

Ta gjerne kontakt med OSE for vurderering av taket ditt og eventuelle tiltak du kan gjere for å unngå ising frå taket.

Kjelde: https://www.byggforsk.no/file/index/316