Kva meinast med mindre endring av reguleringsplan?

Mindre endring etter pbl. § 12-14 er endringar av arealplanar som ikkje medfører nemneverdig betydning for råka partar eller interesser.

Mindre endringar av reguleringsplan kan vere justering av formålsgrenser (betre arrondering av tomt), justering av linjeføringar av infrastrukturanlegg (veg, leidningsanlegg), flytting av utbyggingsområde (kort avstandar), endring av byggjegrenser, frisiktsoner, endringar av føresegner og liknande. Enkelt sagt kan det gjerast endringar av det som alt ligg inne i planen, men det kan ikkje tilførast nye element i planen.

Mindre endring kan ikkje gjennomførast for viktige grønstrukturområde som turdrag, friområde og parkar. Ei anna avgrensing er at mindre endring berre kan nyttast der endringane ikkje er særleg konfliktfylte. Protestar frå naboar eller merknad frå råka mynde vil ikkje nødvendigvis føre til at endring ikkje kan gjennomførast. Men har merknad frå råka mynde karakter som motsegn, kan ikkje endringa gjennomførast som mindre endring, men må følgje ordinær planprosess. Er endringa i strid med overordna plan og den vil forventa å påføre naboar ulempe, kan ikkje mindre endring nyttast for å endre arealplan.

Sakshandsaming
Mindre endring skal leggjast fram for råka mynde før vedtak og eigarane og festarane av eigedomar som blir råka av mindre endring skal få moglegheit til å uttale seg. Hensikten er at for å avklare om ei endring kan reknast som mindre, skal mynde og eigarar av eigedomar som blir råka av endringane, ha moglegheit til å uttale seg. I hovudsak er det kommunen som står for høyring av mindre endring.

Det er ikkje høve til å klage på kommunen sitt avslag på å gjennomføre mindre endring av reguleringsplan, sidan avslag berre er delegering av kommunestyret sin reguleringskompetanse. Positivt reguleringsvedtak kan påklagast.

Dersom ein får avslag på mindre endring kan det vere mogleg å omregulere gjennom ordinær planprosess for å få ønska tiltak i samsvar med plan. Dette må avklarast tidleg med kommunen.

Treng du hjelp til planlegging eller utforming av dine omgjevnadar?
Vi kan hjelpe med å utarbeide gode arealplanar raskt og effektivt for deg i samsvar med korrekte prosessar. Ta kontakt med ein av våre planleggarar her!