Kvifor er det så viktig med jordvern?

Jordvern er høgaktuelt om dagen. Temaet er nesten dagleg oppe i lokal og riksdekkande presse, seinast i samband med planprosessen kring vidare utbygging på Fremre Mo i Ørsta.

Stortinget har vedteke eit overordna mål om at vi ikkje skal bygge ned meir enn maks 4000 dekar dyrka og dyrkbar jord i året her på berget. Politikarane i  Møre og Romsdal har følgd opp med å vedta maks 200 dekar i året for fylket vårt. Då kan jordvern fort bli ei utfordring for aktørar som skal planlegge ny gang- og sykkelveg langs vegar gjennom jordbrukslandskapet. Vi må vise respekt for at landbruksjorda faktisk er landbruket sitt næringsareal og skåne jorda på best mogleg måte under inngrepa. Det kan ofte vere utfordrande i krysselden mellom statlege retningsliner for vegplanlegging og omsynet til jordvern.

Det er ikkje til å unngå at noko matjord vil gå med når ein skal planlegge nye vegar, byggefelt og industriområde. Det er difor viktig med gode planar og tiltak for å redusere ulempene, såkalla avbøtande tiltak. Ein kan til dømes utarbeide ein matjordplan, som viser korleis ein vil disponere matjord som blir bygd ned.

Jordsmonnet er huda til jorda, eit resultat av dei økologiske prosessane som går føre seg i grenseflata mellom jord, luft, vatn og levande organismar. Vi nyt alle godt av jordsmonnet sine funksjonar:

  • Biomasseproduksjon (mat, fiber og energi)
  • Lagring, filtrering og transport av næring og vatn
  • Karbonlagring (klimagassar)
  • Biodiversitet (habitat og genbank)
  • Plattform for menneskeleg aktivitet og infrastruktur
  • Råstoff (jordmineral, byggeråstoff, matjord)
  • Arkeologiske, geologiske og historiske verdiar

Jordsmonnet inneheld ei rekke økologiske nisjer, som t.d. oksygenfrie, ferskvatn, ørken og sterkt surt. Jordsmonnet er også buplassen for ei rekke individ og artar med ulike krav til livsopphald, mange av dei så små at vi ikkje ser dei og dei er ukjende for oss.

Jordsmonnet inneheld ei rekke økologiske nisjer. Illustrasjonsbilete viser ein person som legg frø i jorda. Pixabay.com, fri bruk.

Foto: illustrasjonsbilete pixabay.com (fri bruk)

Jordsmonnet er fullt av liv

Vi reknar med at éi matskei med god matjord inneheld fleire organismar enn det er folk på jorda og at vi mest truleg berre har funne vel 25 % av dei ulike artane som lever i og av jordsmonnet.

Jordsmonnet er eit filter med kapasitet til å reinse, bryte ned og omdanne fleire av avfallsstoffa våre. Om vi ikkje overbelastar kapasiteten, kan vi nytte jordsmonnet som reinsemedium av til dømes spillvatn. OSE arbeider med å planlegge og få godkjent mindre reinseanlegg lokalt basert på og tilpassa jordsmonnet sine eigenskapar og kapasitet.

Dryging av overflatevatn blir også vanlegare å ta inn i som tema i reguleringsplanar og tiltak. I ei tid med auka intensitet av nedbør, er det viktig at ikkje all nedbøren kjem i ein gong ut i røyrsystema som skal leie bort overflatevatnet. Med kunnskap om jordsmonnet sin betydning og kapasitet i vasshushaldninga, kan det kome til nytte som medium til å dryge vatnet ut frå regulert areal.

Alt jordsmonn, inkludert matjord og landbruksjord, inneheld store lager av karbon. Ved endra arealbruk som utbygging og nedbygging, vil prosessane i jordsmonnet bli skipla og store mengder av karbonlageret frigjort. Omdisponering av areal har såleis eit potensiale i seg for til dels store klimaavtrykk. Ved å gjere ei så snill omdisponering som råd, kan ein redusere klimaavtrykket monaleg.

I OSE har vi kunnskap om jordsmonn, korleis ein utarbeider ein matjordplan og kva som skal til for å handsame planprosessane på ein god og klimavenleg måte.

Kan vi hjelpe deg med ei oppgåve?