Naturskade og skadetakst

Norsk Naturskadepool melder at det er generelt mykje snø i fjellet i år, og viser til den siste prognosa frå NVE som angir at størst sjanse for stor vårflaum ligg i Sør-Noreg.

Prognosene viser òg at det er mindre sjanse for stor vårflaum i resten av landet. Det er mogleg å sjølv sjekke oppdaterte flaumvarsel og analyse på nettstaden til varsom.no Våre takstmenn tilrår å fylgje med på prognosane og ta dei førehandsreglane som er anbefalt.

OSE har erfarne takstmenn innan naturskade og skadetakst. Ta gjerne kontakt med ein av våre takstmenn om du har spørsmål omkring temaet!