Ny fløy ved Kulatoppen omsorgssenter

OSE har i 2020 vore byggherreombod og ansvarleg for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø i samband med nybygg ved Kulatoppen omsorgssenter i Kinn kommune. No er bygget tett, byggherren har halde kranselag og i løpet av hausten 2021 kan bebuarane ta i bruk den store nye fløya.

Kulatoppen omsorgssenter 2020 foto Jonas Reitan

Tilbygg Kulatoppen omsorgssenter. Foto: Jonas Reitan

Prosjektet omfattar nybygg med tilhøyrande utomhusanlegg, fellesfunksjonar og driftsfunksjonar. Utførande er HS Bygg AS i totalentreprise, med mange lokale underleverandørar.

– Måløy gjer eit storløft for sine eldre, seier Jonas Reitan i OSE. Bygget ligg fremst på Kulatoppen, med fantastisk utsikt over Måløy og leia i begge retningar.

Øyvind Sunde i HS Bygg og Jonas Reitan i OSE. Foto: Marianne S. Rotihaug, Fjordenes Tidende

Toppbilete artikkel: Prosjektansvarlege for ny fløy ved Kulatoppen omsorgssenter ved Måløy i Kinn kommune. Byggherren i tet og flanker, totalentreprenøren i midten. Foto: Marianne S. Rotihaug, Fjordenes Tidende