Ny planleggar tilsett!

OSE er stolte over å få med seg Marit Elisabeth Larssen i sin stadig veksande stab. Med tilsetjinga av Marit styrkar OSE sitt planmiljø ytterligare!

Marit takka nyleg av som rådmann i Giske kommune etter fire år, og før dette var ho rådmann hjå Gloppen kommune i fleire år. Ho har blant anna vore kommunalsjef i Ålesund kommune og fylkesdirektør i Sogn og Fjordane. Marit har hatt ansvar for- og vore aktivt involvert i utarbeiding av planprogram, fleire kommuneplanar og næringsplanar. Vidare har ho også etablert og leia administrativt planforum i Giske kommune.

OSE er svært heldige som får nytte seg av Marits breie erfaring og kompetanse innan prosessleiing generelt, samfunnsdelen i plan og bygningslova og konkret arealplanarbeid.
Vi gleda oss over at nye og gamle kundar skal få nytte seg av vårt tilbod, og at vi kan trå til med denne tidlegfasekunnskapen som er svært viktig for at våre råd skal realisere din visjon!

Ein del av tida si nyttar Marit til gardsdrift i Gloppen saman med mannen sin. Det er rekreasjon og noko ho likar svært godt!

Vi ynskjer Marit velkomen til OSE!