Ny sponsoravtale med Sportsklubben Herd

Sportsklubben Herd er ein av Midt-Norges største breiddeklubbar for fotball og idrettsskule. Denne veka signerte OSE sponsoravtale med klubben i Ålesund.

Herd blei stifta i Ålesund i 1932 og vart seinare flytta til Moa, med skulekrinsane Åse og Lerstad som rekrutteringsområde. Bydelane og Herd har hatt ein stor vekst og OSE er glade for å støtte opp om aktivitet og idrettsglede for barn og unge.

– OSE har avdelingskontor ved Daaeskogen Næringsbygg, berre nokre minutt frå Herd Stadion. Det er veldig kjekt å vere sponsor for ein breiddeklubb som satsar stort på barn og unge, seier marknadsleiar Sunniva Lund Osdal i OSE.