Nye ressursar på byggesak og prosjektering i OSE

Foto: dagleg leiar Tor Egil Meland og sivilingeniør Gro S. Høstland

Vi ønskjer å styrke marknadsposisjonen vår, vere påreknelege og levere prosjekta som avtalt. Med aukande oppdragsmengder i alle seksjonane våre, er det gledeleg å få på plass Gro S. Høstland på Byggteknikk og prosjektstyring og Erlend A. Blankholm på Byggesak og uavhengig kontroll, seier dagleg leiar Tor Egil Meland i OSE.

Gro er sivilingeniør med 20 års erfaring som rådgivar og har også tidlegare arbeidd for eit entreprenørfirma. Ho held til på hovudkontoret vårt i Ørsta og er allereie godt i gang. – Eg trivst godt i OSE og er klar for å ta fatt på spennande prosjekt i tida som kjem, seier Gro.

Ved avdelingskontoret i Ålesund sit Erlend, saman med kollega og arealplanleggar Bjarte Friisvold og rådgivar på byggesak, Camilla Fjørtoft.

Erlend er ingeniør og har tidlegare arbeidd med komplett prosjektering av trehuskonstruksjonar, alt frå einebustad, fleirmannsbustader og hytte. Han blir ein viktig ressurs i seksjonen Byggesak og uavhengig kontroll.

– Eg ser fram til å arbeide med mange spennande prosjekt i ei solid bedrift som er i stadig utvikling, seier Erlend.

Les meir om Byggesak og uavhengig kontroll
Les meir om Byggteknikk og prosjektstyring

Erlend A. Blankholm er godt i gang med fleire prosjekt på kontoret ved Daaeskogen Næringsbygg, Moa.